Snakk om sau i sauefjøset

Denne sommaren har Bakketunet gjort om driftsforma og har heile fem permanente utstillingar avgrensa til juli månad. Ein av utstillarane er Pergarden frå Dalsfjorden som stiller ut saueskinn. I eit nyrestaurerte sauefjøs vil besøkande oppleve norske saueskinn av høg kvalitet i ein rik palett av naturlege fargar og individuelt særpreg; eit urnorsk produkt, i sauens eigne omgjevnadar. 

Per Erling Parr Sætre er drivar av Pergarden på Folkestad og er glad for å vere den første utstillaren i det nyvøla sauefjøset. Førstkomande søndag vil han vere til stade i fjøset og gi dei besøkande eit djupare innblikk i temaet sau. Visste du for eksempel at sauen er ein av hjørnesteinane i norsk landbruk? I dagens landbruk har vi mange typar sau, både norskætta og importerte rasar. Dei tradisjonelle rasane gamalnorsk spælsau og gamalnorsk sau eller «villsau», er framleis ein naturleg del av kulturlandskapet. Sistnemnde, som er ein kystsau, har fått ein ny æra i vår tid. Og skinna. Dei er rett og slett nydelege!

I det ferdig restaurerte tunet kan ein denne søndagen også oppleve glaskunst av franske Adrien Herve, tekstil installasjon av Børdi by Mona Frøyshov, keramikk av Marianne Lund og maleri av Marita Bett Aakre.