Strikk og keramikk i kammerset

Sommarsesong i Bakketunet byd på nye kunst- og handverkutstillingar kvar helg, og søndag 27. juli får vi møte to kunsthandverkarar som stiller ut strikk og keramikk i kammerset.

Ingun Myrstad og Anita Abtahi har begge gått på Kunst- og håndverkskolen i Oslo. Dei blei kjende med kvarandre då dei flytta tilbake til heimetraktene i Trøndelag, der dei også byrja arbeide saman i kunstnarfellesskapet Låvley. Sidan den gong har dei hatt fleire utstillingar i lag.

Keramikar Anita Abtahi stiller ut ein serie bearbeidde  tallerkenar i ulike stilartar. Ho kallar seg sjølv for ein «overflatisk» keramikar fordi ho i arbeidet sitt konsentrerer seg om overflata på objekta og har ei forskande tilnærming til fargar, mønster og teksturar. Resultatet blir fat og asjettar med ein særeigen dekor, som du aldri har sett maken til.

Ingun Myrstad har strikking på strikkemaskin som sitt hovudfag. Ho har drive eige firma sidan 2003 og har no verkstad på Seminarplassen i Klæbu. Ingun strikkar mest kjolar og klede for damer, og er spesielt glad i å strikke striper og å setje saman fargar slik at kvart plagg blir unikt. Ingun Myrstad har tidlegare hatt utstilling i Bakketunet, og no gledar ho seg til å kome attende til Hjørundfjorden for å stille ut nye arbeid i det romantiske kammerset i Sunnmøres eldste gardstun. 
Ingun Myrstad har òg sin eigen programpost under Naturfestivalen.

Måndag inviterer ho unge og gamle til å vere med på den «Den menneskelege strikkemaskina». Sjå meir informasjon under Naturfestivalen.
Hovudutstillinga med hjørundfjordstipendiat Øystein Tømmerås er framleis å få sjå i kufjøset. Søndag 3. august opnar Astri Eidseth Rygh ny utstilling i Bakketunet.

Ope søndag 27. juli kl. 12-17  måndag 28. juli kl. 13-17 

Elles tek vi gjerne i mot gjestar utan om opningstida, men det må sjølvsagt gjerast avtale om dette på førehand.