Teikneverkstad for borna

Kvar søndag i juli har vi hatt ulike aktivitetar for borna som har besøkt Bakketunet. Og mykje spanande har vorte laga! Sjarmerande steintroll og nyskapande Land art er noko av det dei har jobba med. Førre søndag fekk både små og store helse på ei svært sur prinsesse spela av Line Starheimsæter frå Sykkylven.

Søndag 28. juli blir det teikneverkstad med hjørundfjordstipendiat Anngjerd Rustand. Kl. 15 tek ho borna med i utstillinga si og fortel om kva teknikkar ho brukar og korleis ho jobbar. Installasjonen i fjøsen skal gi borna inspirasjon til å jobbe med eige skapande arbeid der dei brukar same materiale og teknikkar som kunstnaren sjølv. Teikneverkstaden høver best for born over 10 år.

Teikneverkstaden er sjølvinstruerande gjennom resten av dagen. Med litt hjelp frå foreldra kan også dei minste vere med her.

Foto: Eirik Lande