Augustprogrammet er klart!

Med natur som tema går Bakketunet inn i siste etappe av ein innhaldsrik sommar. Programmet for august vil spesielt presentere gardbrukarar som på ymse vis har laga seg eit levebrød basert på naturbruk. Kjekke aktivitetar og matopplevingar blir det òg!

Vi får blant anna besøk av to sauebønder frå Nord-Noreg. Anette Standal driv Brettenes gård i Lofoten og designar spenstige klè av villsau-ull og andre organiske materialer. Heidi Nilssen frå Mellemgården på Hinnøya kjem også i år til Bakketunet. Ho tek med seg skinnfellar frå eigne villsauer og eigenproduserte handverksprodukt. Heidi har også sitt eige kosmetikkmerke med deilige naturprodukt. Frå Haddal på Sunnmøre kjem Elin-Grethe Haddal, også kjent som Lappelina. Ho lagar kjolar og andre klede av ullfilt. Frå Melchiorgarden i Norddalen kjem Petter Melchior som driv med produksjon av bær, og tilbyr diverse produkt av geit.

I midten av august har vi eit spanande prøveprosjekt på gong med Vestferd, som nyleg har etablert seg som eit guide- og kursføretak på Sunnmøre. Vestferd arrangerer fisketur i Hjørundfjorden med påfølgjande matauk i Bakketunet. Og denne søndagen står det sjølvsagt fisk på menyen!

Bakketunet har ein rikhaldig bær- og frukthage, og i slutten av august når bæra er modne, blir det «saft på dugnad» leia av Kari Ryslett som er høgskulelektor på avdelinga for matfag på Høgskulen i Volda.

Første helga i august er det Karine Munch som stiller ut handlaga smykker som kan minne om små naturlandskap. I kafeen i røykstova er det tidlegare barista Nina Viddal som har fått frie tøylar. Ho lovar nytrakta Jacu-kaffi og heimebakst til dei besøkande. Frå utekjøkkenet i Retrosalongen blir det servert økologisk suppe, og frå Retrosalongen er det som vanleg duka for godbitar laga etter oppskrifter frå 50- 60- og 70- talet.  

Hovudutstillinga med Jøran Flo i kufjøset viser vakre naturbilete med inspirasjon frå blant anna Sunnmøre og Nordfjordeid.

Ope kvar søndag 12-17, t.o.m. 31. august. 

Inngang kr. 90,- 

For inngang i tunet utanom opningstida må det gjerast avtale. Vi tek imot store og små grupper på førespurnad og kan byde på omvising i tunet og i bygda. Vi kan òg byde på champagne- og kaffismaking, foredrag om kreativitet samt team- og leiarutvikling, alt med dyktige formidlarar. Kontakt oss gjerne for fleire detaljar og tilbod!  

kontakt@galleribjork.no / mob. 911 08 846