Tilbod for grupper

Sidan oppstarten av Bakketunet i 2010 har vi freista etablere eit variert og skreddarsydd opplegg for grupper etter behov og interesseområde. Dette har vi gjort ved å bruke nettverket vårt av ressurspersonar i bygda og kompetanse frå utstillarane i det aktuelle programmet. 

 

I helga under vikingmarknaden fekk gruppene som var på besøk tinge ei økt med vikingleikar. Pil og bogeskyting og leikar som vi veit blei brukte for meir enn tusen år sidan! "Bjønnafødsel" var eit særleg morosamt innslag! Ei gruppe fekk òg eit lite foredrag med Robert Steinnes som fortalte om kunstnarskapet sitt og dei krative prosessane. 

Å lage sin eigen pizza frå vedfyrt bakaromn har blitt ein slager, og mange grupper har prøvd ut dette konseptet, som vi no byrjar føle oss temmeleg sikre på. Kvelden i Bakketunet er fin å avslutte ved det 500 år gamle langbordet i røykstova, med fyr i omnen og kokekaffi, eller noko anna godt i koppen. 

Les om tilbodet for grupper her: 

https://issuu.com/bakketunet/docs/gruppetilbod_i_bakketunet_2015?e=0  

Eller sjå i programmet om der er nokon gruppa dykkar kan ha interesse av å møte! 

Kontakt oss gjerne for uforpliktande høgttenking! 

kontakt@galleribjork.no 

Tlf.nr.: 911 08 846

Program: