Produktpakkar haust / vinter 2019

Vi ønsker gjestar i Bakketunet velkomen til gards med desse fine og unike tilboda for haust og vinter 2019. 

Grupper kan bestille pakkar etter ønske og behov. Men ver tidleg ute, mange av dagane er allereie booka. 

 

 

 

Pakke 1 Kjelår frå steinomn 

Høver godt til gebursdagsfeiringar eller venegjengen som vil markere eit jubileum. Drikkepakkar med og utan alkohol kan bestillast til kvar av pakkane. 

 

Pakke 2 Vilt 

Smak på noko av det markens grøde har å byde på der hjort står på menyen. Redusert pris for jaktlag som leverer kjøtet sjølv. 

 

Pakke 3 Kunst og Sunnmørsk tapas

Er de på veg frå ein plass til ein annan og gjerne vil kike innom Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun? Då er dette pakken for dykk. Gruppa blir mottatt i kufjøset med kortreiste råvarer som vi blant anna hentar frå Bazpoint i Volda. I fjøset heng utstillinga Frå Hjørundfjorden, og  vertinne Marita Bett Aakre vil fortelle om maleria som har blitt til der gard og fjord har vore inspirasjonskjelda. 

 

Pakke 4 Juleselskap

Kom i førjulsstemning i Bakketunet si eldgamle røykstove. Der er det pynta med gamal julepynt og einebusk. Måltidet som blir servert er pinnekjøtt frå Ringdal med tilbehør. Kan kombinerast med velkomsdrikk og julekviss der spørsmåla handlar om tradisjonar kring den gamle julefeiringa. Kan bestillast for tillegg i pris.   

 

Pakke 5 Osteeventyr

Osteeventyr med Nils Henning Nesje er den mest ekslusive pakken vi har. Som dommar i VM i World Cheese Awards 2018 har Nesje med seg mange impulsar, som han lovar skal kome gjestane til gode. Verdsmeisteren Vellagret Fanaost frå Jørn Hafslund har sin garanterte plass på ostefatet denne kvelden. Det vil også bli servert andre premierte ostar, både varme og kalde, i selskap med lokale marmelader og andre kortreiste smakar. Historiene sit laust og vi lovar ein kveld de seint vil gløyme. 

For booking

kontakt@galleribjork.no // 911 08 846 

Om de vil kome inn fjorden i båt kan Daniel Storeide vere til god hjelp og kan nåast på 991 06 659

Transport med minibuss eller buss har vi fleire aktørar som tilbyr sine tenestar

Tonheim Transport i Ørsta mob. 405 35 815 

Ingers Trans på Stranda mob. 404 51 333