Tradisjon og fornying


Søndag opnar Bakketunet på Bjørke sin sjuande sesong. Tunet er kjent for å vere Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, der tre av dei seks bygningane i tunet er freda. Sidan opninga i 2010 har tunet vore ope for besøkande kvar søndag heile sommaren igjennom, der dei besøkande får ta del i eit rikhaldig kulturprogram med gamle historiske gardsbygningar som kulisser, og sjølvsagt storslått fjordnatur. 

Søndag er det på ny duka for sesongopning. Denne gangen med utstillinga «Tradisjon og fornying» av studentar ved lina Formgjeving, kunst og handverk på Høgskulen i Volda.

Arbeida av kunst- og handverksstudentane har stor spennvidde: maleri, plakatdesign, skulptur, objekt, keramikk, saum, filting, trearbeid og arkitekturmodellar, og er frå emna Objekt i rom, visuell kommunikasjon, leire-, design- og produktutvikling, tekstil-design og redesign og kunst og kommunikasjon. Nokre av arbeida er til sals. Studentane er både frå faglærarutdanninga i Kunst og handverk og frå Bacheloren i Kunst og handverk ved Avdeling for kulturfag, HVO. Utstilling er ein del av Kaarstadfestivalen som Avdeling for kulturfag arrangerar i år.

Utstillinga har desse opningstidene: 

Søndag 29. mai ope frå 12-17
Laurdag 4. juni ope frå 12-17
Søndag 5. juni ope frå 12-17 

Vi har middagsservering og kaffimat.  

Grupper som ønskjer å gjere eit besøk i Bakketunet kan ringe 911 08 846 for høgttenking rundt eit skreddarsydd opplegg.