Utstilling og kurs med Nina Filtmaker og Klara Pil

I helga 6.-7. juni kjem Nina Filtmaker og Klara Pil til Bakketunet for å stille ut vakkert handverk.

 

 

 

Korgmakaren

Klara Pil har arbeidd som korgmakar sidan 2007 og skaper m.a. vesker, kransar, hjarter og vakre korger i dei ulike teknikkane som materialet pil byr på. Som ein av få korgmakarar i landet, gler ho seg til å besøke Bakketunet og Sunnmøre. Møbelhistoria frå Sunnmøre fortel om flittige kurvmakarar som starta opp i kjellarane sine heime, og la grunnlaget for fleire av dei eineståande møbelprodusentane som vi har i vårt nærområde i dag.

Filtmakaren

Med på laget frå Bryne er Nina Filtmaker. Ho har drive med filting av ull som næring sidan 2005. Filtmakaren brukar norsk ull til tøfler og interiørprodukt, og merino kombinert med silkestoff og andre fibrar i sine kjolar, skjørt og anna kledning. Teknikken blir gjerne kalla nunofilt. I kammerset vil ho vise fram eit utval av dei fargefriske produkta sine i livleg design. Nina Tvedt Sliper har også gitt ut to bøker saman med syster si. Bøkene «Filt i farger» og «Filt-kreativ toving og filting», blir å få kjøpe i Bakketunet denne helga.


Utstillinga er å sjå både laurdag og søndag.

Bind deg ein blomekrans, flett deg eit hjarte... 

Laurdag 6. juni held dei to kunnskapsrike damene kvar sine temabaserte kurs. Hos Klara Pil kan deltakarene lære seg å flette hjarter av pil, medan Nina Filtmaker held kurs i korleis ein lagar silkesjerf av Merino og silkechiffong og blomar av ull.

Her skal det skapast bevande hjarte og blomar av alle slag, små og store, i knopp og blomst!


Kursa startar parallelt kl. 13.00

Pris kr. 950,-

Pris inkludert lunsj kr. 1 200,-  

Lunsj: Heimelaga pai frå bakaromnen. Drikke inkludert. 

Maks deltakar på kvar av kursa er 10 personar.

Påmelding før 1. juni til kontakt@galleribjork.no eller FB