VÅR / SOMMAR 2018

Planlegg laget, bedrifta eller organisasjonen dykkar ein tur til våren eller sommaren? Då kan kanskje Bakketunet som ligg i kulturbygda Bjørke vere eit aktuelt reisemål. Hos oss får de oppleve eit autentisk gardtun med bygningar daterte tilbake til 1549. Tunet er sagt å vere Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, og ein må heilt til Heidalen eller Gudbrandsdalen for å finne tilsvarande. Som tidlegare år kan tunet byde på faste kunst- og handverksutstillingar, omvising som fortel den sterke historia til tunet, ein meny basert på lokale råvarer og teambuilding og bondeleikar som utfordrar laga både praktisk og teoretisk. Vi skreddarsyr etter laget sitt behov og ønskjer.

Tunet er også ope for besøkande kvar søndag i juli.    

911 08 846 / kontakt@galleribjork.no 

 

Besøket i Bakketunet kan kombinerast med eit stopp hos andre aktørar i bygda. Hjå naboen, på Morks Antikk, kan ein handle antikvitetar. Der kan ein også sjå korleis det går med Inge Kolås sitt restaureringsprosjekt, eit bustadhus med særleg spesiell arkitektonisk utforming bygd i 1930- åra, der ambisjonane er å lage eit 5- roms hotell. På Rørstad lenger fram i dalen driv Maria Nikkinen Rørstad, som er utdanna barnevernspedagog, Inn på tunet. Der er det blant anna mogleg å få seg ein tur på hesteryggen. I nabobygda Leira, har John Inge Bjøringsøy starta opp eit nytt konsept med konsertar i løda som han kallar Jensaløda. Lenger ut i fjorden, ligg Viddal og Haula vingård. Der skjer det spanande ting og Nina Viddal byr på omvising og vinsmaking på garden. I bygda har vi fleire lokale guidar som tek på seg guiding i fjella.