Variert program i Bakketunet

Bakketunet på Bjørke kan presentere eit rikt og variert kulturprogram når tunet sesongopnar søndag 15. juli.

Tunet har utsett opninga av sin tredje sesong på grunn av den stengde vegen mellom Volda og Bjørke. Difor vert sesongen i år kortare, men like fullt vert det månader med eit innhaldsrikt kulturprogram i landlege kulissar.

Ny kunsthistorie vert skapt når fotograf Marthe Aune Eriksen (37) opnar sesongens første hovudutstilling. Ho er den første i rekkja av kunstnarar som er tildelt Hjørundfjordstipendet. Stipendet er eit nyleg etablert kunstnarstipend der Ørsta kommune og Galleri Bjørk er bidragsytarar.


Eriksen, som tidlegare i år hadde eit lengre opphald i kunstnarbustaden på Bakketunet, vil vise fotografiske uttrykk med impulsar henta frå bygd og by. Vi er sjølvsagt svært spente på kva ho har fanga opp frå nærområdet vårt. Eriksen er for tida busett i Malmö i Sverige, der ho har sitt virke som kunstnar.

I byrjinga av august er det klart for ei ny hovudutstilling med måleri og grafikk av biletkunstnaren Tor Arne Moen frå Notodden. Moen er dessutan forfattar. Han har vore innom mange ulike konsept og eit stort utval figurative former for måleri, mellom anna akt, portrett, stilleben, interiør, motorkøyrety, landskap og dyremotiv. Han er òg kjend for illustrasjonane i ein serie Hamsun-bøker. Denne serien er kjøpt inn av Tranøy Galleri på Hamarøy i Nordland.

Førre sesong innførte Bakketunet omgrepet kammersutstillar. Også i år vil dei besøkjande finne handverksprodukt med ulike tilnærmingar. Blant anna vil kledesignar Kristin Elise Halkjelsvik frå Fredrikstad, opphavleg frå Volda, vise mote laga frå tekstilar med nostalgisk karakter.

Frå Volda kjem òg Ingeborg Rørvik Lejon, som vil syne fargerik keramikk. Vi kan også avsløre at kammerset får besøk av Noreg sin einaste vevmeister, Bjørg Hustad frå Bud.


Laurdag 18. august vert det halde kurs i pilfletting med Klara Pil frå Bryne. Sjå heimeside for meir informasjon og påmelding.


Eitt av høgdepunkta i sommar er eit besøk frå Geitmyra matkultursenter for barn i Oslo. Idun Bjerkvik, prosjektleiar i Geitmyra, skal halde foredrag om Geitmyra og filosofien bak det populære tilbodet. Siktemålet deira er å skape glede hos born ved å lage og ete god mat, og vise dei kvar maten kjem frå. På menyen denne dagen er det sjølvsagt kortreist mat!


Vi gler oss til ein ny og hektisk sommarsesong, og vonar at mange vil ta turen til kulturbygda Bjørke og Sunnmøre sitt eldste gardstun som ligg inst i vakre Hjørundfjorden.