Velkomen til Bakketunet 2014!

Når vi no skriv 2014 er det over 20 år sidan vi byrja restaurerings- arbeidet i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun. Det er over 10 år sidan vi så smått byrja å tenke på korleis bygningar og tun skulle brukast for allmugen. 

I år går vi inn i vår femte sesong med drift av Bakketunet på Bjørke. I den store samanheng er ikkje desse tala så imponerande når ein kjem i hug at tre av bygningane nærmar seg 500 år. Men for oss som lever på garden i dag og som ønskjer å bevare det gamle gardstunet, er dei talde åra ein milepæl.

Det er ikkje reint få arbeidstimar som er lagt ned i bygningane og miljøet i Bakketunet. Vi kan takke Riksantikvaren for den økonomiske støtta som vi har fått for å setje dei freda bygningane i stand. Inge Kolås As har gjort ein formidabel jobb med å skifte tak, leggje nye golv, utbetre råtskadar og anna i bygningane. Og som Askeladd-rapporten seier, er bygningane i så god stand at dei vil overleve oss alle! Generasjonane etter oss vil få glede av Bakketunet i lang tid framover. Og det gjer godt å tenkje på i ein stadig meir teknologisk kvardag, fjernt frå fjøslukt og sjølvberging.

Mange menneske har stråla av glede fordi dei har hatt ei god oppleving av å vere i miljøet som Bakketunet representerer. Dei mange kunst- og handverksutstillingane i fjøsen og kammerset har vekt begeistring og undring hjå sjåaren. Ikkje få kaffikoppar har vorte servert frå kjøkkenet i røykstova, og dei fantastiske kakene har nærmast vorte eit varemerke for oss. Fleire har fått omvising i tunet som har så mykje å fortelje, både kring handverkstradisjonar og om menneske og dyr som budde der. Det er kjekt å gjere folk bevisste på det vi likar å kalle vår felles fortid. For vi kjem alle frå ein bonde si stove!

Gode tilbakemeldingar har vi med andre ord ikkje mangla! Restaureringa, konseptutviklinga og drifta har gitt oss som eigar ny og verdfull kunnskap om tunet, kunnskap og nærleik som vi òg vonar at vi skal greier å vidareføre til komande generasjonar. Med denne nyvunne kunnskapen og nærleiken til tunet, har vi også byrja å skjøne for eit stort ansvar vi sit på. Som private eigarar er det ekstra utfordrande fordi vi ikkje har eit støtteapparat som kan rettleie oss i spørsmål kring drift eller konservering i det daglege. Det er lite hjelp å hente økonomisk om noko skulle hende, eller om vi ønskjer å gjere naudsynte investeringar som ikkje har med dei freda bygningane å gjere. Men vi skal greie det!

Vi ønskjer å ta vare på kulturarven som Bakketunet representerer ved å drive vern gjennom bruk. Vi satsar difor vidare på å halde fram den positive utviklinga av Bakketunet som eit levande tun med vekt på formidling av kunst- og kultur. Vi vil ta vare på røtene våre i bondekulturen samstundes som vi tenker nytt om innhald. I strategiplanen står det og at vi ønskjer å vere ein god ambassadør for Hjørundfjorden og Ørsta kommune innanfor reiselivssamanheng. Med desse måla går vi inn i 2014 med stort pågangsmot og arbeidslyst. Programmet er meir solid enn nokon gong, og vi utvidar sesongen. I år satsar vi i større grad på å ta i mot grupper med tilbod om omvising og matservering.

Det er berre ein ting å seie, velkomen til Bakketunet 2014!

Beste helsing

Marita Bett Aakre