Vener av Bakketunet

Sidan oppstarten i 2010 har eg blitt meir og meir bevisst ansvaret vi sit med som eigarar av Bakketunet. Tunet er sagt å vere Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, og har status som ein nasjonal verdi. Gardstunet gir oss eit bilete på korleis forfedrene våre levde sine liv som bønder, eit liv som kjem til å bli stadig meir fjernt for generasjonane etter oss. 

I sju somrar har eg og familien min opna dørene for besøkande til staden der våre forfedre arbeidde så hard for føda. Dei tidlegare driftsbygningane har fått nye funksjonar og har mellom anna husa kunst- og handverksutstillingar, konsertar og fungert som kafè for kaffitørste gjestar. Besøkstalet har  jamt vore bra.

Når sesongen var over i fjor sommar, sat eg igjen med ei ikkje så god kjensle. Som somrane før hadde eg brukt all mi tid på å drifte Bakketunet, og heile tida med ei kjensle av at eg burde ha gjort meir. Denne sesongen gjekk også jentene mine ut i "streik". Dei var lei av å bruke kvar søndag i somrane sine til å hjelpe til, noko dei hadde gjort frå dei var 9 og 10 år gamle. 

Sommaren 2017 regna det mykje, og kanskje hadde det noko å seie for at besøkstalet ikkje blei så høgt som tidlegare år. Summen av desse elementa fekk meg til å tenkje at eg ikkje orka ein sommar til. I alle fall måte eg gjere noko med driftsforma, slik at det ikkje gjekk ut over helse og familieforhold.

Det første grepet vi har teke er å korte inn sesongen. I år vil vi ha ope kvar søndag i heile juli, pluss midtsumarhelga. I tillegg har vi opna opp for at andre arrangørar kan leige tunet til eigne arrangement.  

Så fekk eg eit verdifult innspel frå Synnøve Rekkedal Hill. Ho oppfordra meg til å be om hjelp. - Det er mange som vil hjelpe deg, lag ei venegruppe, klappa ho meg på skuldra og sa. 

Eg liker eigentleg ikkje å be om hjelp, tenkjer at folk har nok med sitt. Men no har eg altså gjort det! "Vener av Bakketunet" er klart. I første omgang er det ei lukka Facebook gruppe. 

Så kva blir oppgåvene?  Enkelt vedlikehald, stell av hageområde og hjelpe til i opningstida, som betjening av kafè og salg av billettar og kunst- og handverk.

Kva får de tilbake? Eg lovar å ta godt vare på dykk med alle frynsegodene garden har å byde på. De får sjølvsagt fri inngang og de får låne tunet til eigne private selskap. Ein kan også sjå på det som ein verdi at ein bidreg til at tunet blir teke ekstra godt vare på for framtidige generasjonar, og at ein hjelper til med å drive kulturformidling. 

Vil du bli Bakketunet sin ven, send meg ei melding på Bakketunet på Bjørke si Facebookside eller sendt ein e-post til kontakt@galleribjork.no, så legg eg dykk til i den lukka gruppa. 

Beste helsing

Marita Bett Aakre