Vevsmeister Bjørg Hustad først ut i kammerset

Utstillingsdato: 15.07.2012

Bjørg Hustad er ein annerkjent handvevar med god kompetanse og lang erfaring i faget og yrket. Bjørg er medlem i Tekstilhåndverkerne, Norske Brukskunstnere og Husflidshåndverkerne.

Bjørg Hustad fekk Meisterbrev som handvevar i 2003 og var den fyrste handvevarmeisteren i landet etter at faget vart lagt under lov om fagopplæring i den videregåande skulen.

Grunnutdanninga i veving fekk Bjørg i 1968-69 i Bergen.Sidan har ho vove, mest interiørtekstiler. I 1982 etablerte ho verkstaden Skyttel vev saman med Asbjørg Vestad. Etter kort tid overtok Bjørg drifta aleine. Då ho starta med kyrkjetekstiler innsåg ho snart at ho trong meir kunnskap. Sidan vart det meir utdanning innan veving, kunsthistorie og næringslivskunnskap.

Ho har delteke med arbeida sine i mange tevlingar og er premiert med 1. premiar. Ulike typer arbeid har vore med på juryerte kollektive utstillinger i inn- og utland.

Bjørg har brukt mykje av arbeidstida si til fag- og næringsutvikling gjennom organisasjonsarbeid. Ho har vore leiar tor Tekstilhåndverkerne/Norske Håndvevere og styremedlem i NHO Håndverk. I Fræna Næringsforum var ho styremedlem frå 2003-2008. Gjennom styrearbeida har ho vorte engasjert som deltaker i Leonardoprosjektet "From Head to Toe". Der har ho skrive og tilrettelagt stoffet til læremiddelet "Å veve skjerf", ei enkel innføring i handveving.

"Spor i Norden" og "I-Learn" er andre prosjekt ho arbeider med.

Søndag 15. juli frå kl 13 - 18 kan du sjå dei vakre vevnadane hennar i kammerset. Det gler vi oss til!