Vi søkar utstillarar for sommaren 2016

Sidan opninga av tunet i 2010 har somrane vore fylt med aktivitet og glade menneske!  Med åra har kulturprogrammet vorte både rikare og meir variert. Og vi har bestemt oss. Sommaren 2016 skal verte den beste sommaren nokon gong! Vi satsar på å lage historias flottaste program!  

Sesongen strekkjer seg frå slutten av mai til siste helg i august, og i løpet av sommaren presenterer vi 2-3 hovudustillingar og eit 15 - tals handverksutstillingar.  

 

Vi ønskjer derfor å kome i kontakt med handverkarar som kan tenke seg å stille ut produkta sine for ei helg i Bakketunet sommaren 2016. 

Utstillaren blir teke svært godt vare på. Utstillaren med familie får fritt opphald i Kunstnarbustaden på garden, og vi tek inga form for provisjon av salget.

Send nokre ord om deg sjølv og arbeidet ditt og kvifor du kan tenke og stille ut i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun. 

Vi elskar å tenkje nytt, så her er alt mogleg! 

kontakt@galleribjork.no 

 

 

Bilete frå nokre tidlegare utstillingar. 

Karine Munch

Tora

Lappelina

Brettesnes gård

Judith Bech

BertheSofie

Makeløs

Leirbrent

Ingrid Riddervold

Klara Pil

Kathrine Berg