Kjerringkjeften vikingmarknad

"Kjerringkjeften vikingmarknad" er eit samarbeid mellom Møre frie vikingar og Bakketunet, og blir arrangert i helga 20. - 21. juni 2015.

Dagane har fått sitt namn etter fjellet "Kjerringkjeften" som er godt synleg frå Bakketunet. Om ein ser godt etter, ser ein kanskje ei kvilande (eller drøymande?) kvinne. Høgre fjelltopp er hovudet og ansiktet sett i profil. Fjellsida på høgre side kan minne om flaumande hår. V-kløfta er kvinna sin hals og bringe. Medan venstre fjelltopp er brysta hennar. Og slik har ho lege i hundrevis av år og fått med seg alt som har hendt i den vesle bygda vår. Med sin høge alder har ho òg kika ned på strevsame vikingar.  

Innhaldet i marknaden er det Møre frie Vikingar som står for, og programmet blir lansert når alle detaljer er på plass.

Mellombels er det berre å setje av helga!

For utstillingsplass, ta kontakt med Arve Yndestad, høvding i Møre frie vikingar. (Tlf. 908 54 062 / arve-yndestad@hotmail.com)

For overnatting, ta kontakt med Marita Bett Aakre, drivar av Bakketunet. (Tlf. 911 08 846 / kontakt@galleribjork.no)

Vi kjem til å ha eitt område for Møre frie vikingar og eitt område for besøkande.