Øystein Tømmerås er tildelt Hjørundfjordstipendet 2014!

Galleri Bjørk og Ørsta kommune er svært stolte over å kunne presentere den Oslo-baserte kunstnaren Øystein Tømmerås som årets Hjørundfjordstipendiat.  

Tømmerås er fødd Trondheim i 1976. Han har utdanninga si frå Kungliga Kunsthøgskolan i Stockholm, 2005-06 og Statens Kunstakademi i Oslo, 2000-04. Tømmerås har hatt ei rekke utstillingar over heile landet, blant anna på Galleri Ismene i Trondheim, Stenersenmuseet og Galleri Haaken i Oslo. Arbeida hans er kjøpt inn av mellom anna Trondheim kommune, Astrup Fearnley Museet for moderne kunst og Statens Vegvesen.

I juni kjem Tømmerås til Hjørundfjorden for å jobbe med arbeida til utstillinga som opnar 6. juli. 

Sjå heimside for meir informasjon om Tømmerås: 

http://www.tommeraas.com