Kammersutstillingar 2014

Program 2015 | Bakketunet

Program 2015

 

 

 

Program 2014

 

 

 

Sjå større bilete av programmet i nytt vindauge

Tor-Arne Moen 2012 | Bakketunet

Tor-Arne Moen 2012

Kunstnarbustad | Bakketunet

Kunstnarbustad

Det som vi i dag har gitt namnet Kunstnarbustaden, har tidlegare hatt andre namn og funksjonar. På 1950 talet gjekk Tussa Kraft L/L i gong med ei omfattande utbygging av Tyssefossen på Bjørke. I dette høvet vart det sett opp ein bustad i Bakkegarden til Marie Aakre Akslen og Sivert Akslen, for å huse ingeniørane. Ei av familiane som budde der, heitte familien Hjort, og i ei lang periode gjekk huset under namnet "Hjort-huset". Etter anleggstida var over, kjøpte Marie og Sivert huset og flytta inn i bustaden. I seinare tid har huset vorte kalla "bestemorhuset".

I 2009 byrja eigarane av huset som ligg i utkanten av Bakketunet, ei oppussinga av huset som hadde stått tomt i over 20 år. Bordkledning, vindauger og tak vart skifta. Innvendig fekk huset seg eit "ansiktsløft", medan "sjela" til huset er prøvd å vidareførast der mykje av interiøret er i frå 50 og 60 - talet. 

Sommaren 2011 stod bustaden endeleg klar til bruk! Sidan den gong har kunstnarar og handverkarar frå heile landet budd i huset som dei disponerer i utstillingsperioden.  

I opningstida er publikum velkomne til å sjå inn.   

Ingrid Riddervold blogg 

Mai 2009

Mai 2009

September 2010

September 2011

Utandørs kjøkken.

September 2011

Opphald | Bakketunet

Opphald

Sjå min kjole! 2010 | Bakketunet

Sjå min kjole! 2010

“Smak av sumar” Sigmund Årseth | Bakketunet

“Smak av sumar” Sigmund Årseth

Airbrushkurs med Ivar Åsland | Bakketunet

Airbrushkurs med Ivar Åsland

Bakketunet 2010 | Bakketunet

Bakketunet 2010

Boklansering | Bakketunet

Boklansering

Lovehouse | Bakketunet

Lovehouse

Opning “Blått til lyst” Marita Bett Jensen | Bakketunet

Opning “Blått til lyst” Marita Bett Jensen

Bakketunet 2017 | Bakketunet

Bakketunet 2017

Bakketunet 2017

Inst i Hjørundfjorden i kulturbygda Bjørke, ligg det freda Bakketunet med sine seks ærverdige bygningar der tømmeret i dei eldste husa er datert attende til 1549. Dette er difor det eldste heilskapelege gardstunet på Sunnmøre med, etter seiande, den eldste grindløda i landet. Med dei historiske bygningane kan ein kjenne seg sett attende til middelalderen der stova, løda, stabburet, kufjøsen, smalefjøsen og stall hadde sine ulike funksjonar i eit fullverdig gardstun. I over 400 år har desse bygningane husa menneske og buskap i samspel for livet og komande slekter. Etter over 20 år med restaureringsarbeid opna eigarane tunet for besøkande sommaren 2010. Med eit rikt kulturprogram og ei interessant kulturhistorie, har Bakketunet på Bjørke blitt eit populært reisemål, som sidan opninga har hatt besøk av fleire tusen menneske frå fjern og nær. 

Verdiar

Bakketunet på Bjørke skal ta vare på røtene sine frå bondekulturen, verne om vår felles kulturarv og vere aktuelle og nytenkande i innhald. Bakketunet sitt mål er å gi dei besøkande gode opplevingar knytt til kunst, kultur og natur.

I sommarhalvåret skal Bakketunet vere eit aktivt og levande kunst- og kultursentrum med vekt på å formidling av tradisjonar, kulturarv, kunsthandverk og samtidskunst som held høg kvalitet.

Vi ønskjer å vere gode ambassadørar for Hjørundfjorden og Ørsta kommune innan reiselivssamanheng. Å bruke lokale ressursar i form av arbeidskraft og anna er prioritert. Vi ønskjer å stå fram som eit godt førebilete for andre som ønskjer å skape noko i små utkantbygder.


Utstillingar

I tunet kan dei besøkande oppleve kunstutstillingar integrert i tunet sitt miljø. I år har vi nådd ein milepæl. Alle bygningane i Bakketunet er no restaurerte! Dette markerar vi med å ta alle bygningane i bruk, og det blir ei utstilling i kvar bygning! Årets program blir lansert i midten av juni. 

Servering

I stovebygningen, som inneheld to røykstover, kjøkken og kammers, er det kafé med sal av tradisjonell kaffimat. I år satsar vi på sal av pizza frå vedfryt bakaromn på dagar med fint veir. 

Opningstider 

Sesongopning søndag 2. juli kl. 12. Ope kvar søndag frå 12-17 i heile juli. Vi held også ope laurdag 15. juli under Indiefjord, og laurdag 29. juli under Naturfestivalen. Utan om desse tidene må det gjerast avtale om besøk. Vi tek imot små og store grupper for omvising. Omvising og inngang utan om opningstid er 100,- kroner. 

Inngang

Vaksne kr. 90,- 

Sesongkort kr. 200,-

Born opp til 15 år går gratis.

Grupper

Vi tek imot grupper for omvising og servering heile året.  Kontakt oss for høgttenking og skreddarsaum! 

kontakt@galleribjork.no / 911 08 846 

 

Les om vårt tilbod til grupper her: 

Gruppetilbod  

 

Frå kulturminnedagen 2014: https://www.youtube.com/watch?v=ZEnABCWG_Gc 

English text

At the innermost end of the magnificent Hjørundfjord, in the village of Bjørke, lies Bakketunet with its six listed buildings, the most ancient of which has timbers dating as far back as 1549. This makes it the oldest cluster farm in Sunnmøre still intact, including what is believed to be the oldest stave barn in Norway. You can imagine yourself transported back to the Middle Ages as you wander around this unique collection of historic buildings, where the dwelling house, barn, stabbur, byre, sheep shed and stable each had its own vital function. For over 400 years these buildings have housed man and livestock in the symbiosis that guarantees life and new generations.
After several years of devoted restoration work, the owners opened the farm to visitors in the summer of 2010.
On the farm you can experience art and craft exhibitions that are integrated into this unique environment. Every year the farm presents a new main exhibition showing the work of artists and craftsmen who make their living from their talents, and every Sunday a new chamber painter will exhibit his or her art and handicrafts.
For those who are interested in gardening the farmyard offers a rich flora of flowers and plants that have been flourishing since the time of great-grandmother
’s garden. Children will enjoy the fun of discovery trails and inspiring painting activities.
In the oldest dwelling from 1549, consisting of two open-hearth rooms, a kitchen and a chamber-room, there is a cafe selling traditional cakes and simple refreshments.
On the farm there is also an Artist’s House, a newly renovated and cosy dwelling that will take you back to grandmother’s days and which is available for let to visitors who wish to spend more time in the area.

Opening hours: Based on summerseson, every Saturday and Sunday from 12 noon – 1700 hrs. Visits to the farm outside opening hours by special arrangement.

Contact Bakketunet:
Galleri Bjørk
Bakketunet
6190 Bjørke

E-mail: kontakt@galleribjork.no
Phone: +47 911 088 46

Biletarkiv | Bakketunet

Biletarkiv

Biletarkiv

Bakketunet på Bjørke er drive av Marita Bett Aakre under føretaket Galleri Bjørk. Det heile starta i 2009 med eit lokale i Ørsta sentrum som fungerte både som utstillingslokale og atelier. Dette var eit forprosjekt fram til det endelege målet, opninga av Bakketunet!

Biletarkivet viser noko av det som har skjedd frå opninga av Galleri Bjørk og fram til i dag.

Vi beklagar at bileta ikkje er oppdaterte, men vi ventar på at leverandøren av nettstaden skal utbetre sida slik at det igjen er mogleg å legge ut bilete.  

Sjå elles bileta frå tunet på vår Instagram-konto Bakketunet.