Kunstnarbustad

Det som vi i dag har gitt namnet Kunstnarbustaden, har tidlegare hatt andre namn og funksjonar. På 1950 talet gjekk Tussa Kraft L/L i gong med ei omfattande utbygging av Tyssefossen på Bjørke. I dette høvet vart det sett opp ein bustad i Bakkegarden til Marie Aakre Akslen og Sivert Akslen, for å huse ingeniørane. Ei av familiane som budde der, heitte familien Hjort, og i ei lang periode gjekk huset under namnet "Hjort-huset". Etter anleggstida var over, kjøpte Marie og Sivert huset og flytta inn i bustaden. I seinare tid har huset vorte kalla "bestemorhuset".

I 2009 byrja eigarane av huset som ligg i utkanten av Bakketunet, ei oppussinga av huset som hadde stått tomt i over 20 år. Bordkledning, vindauger og tak vart skifta. Innvendig fekk huset seg eit "ansiktsløft", medan "sjela" til huset er prøvd å vidareførast der mykje av interiøret er i frå 50 og 60 - talet. 

Sommaren 2011 stod bustaden endeleg klar til bruk! Sidan den gong har kunstnarar og handverkarar frå heile landet budd i huset som dei disponerer i utstillingsperioden.  

I opningstida er publikum velkomne til å sjå inn.   

Ingrid Riddervold blogg 

Mai 2009

Mai 2009

September 2010

September 2011

Utandørs kjøkken.

September 2011